Velkommen til dansegruppa Fuzzy sine sider!
Me er ei dansegruppe frå Bømlo og er fem spreke (?!) jenter på 17 og 18 år, og me liker å dansa. Hovudmålet vårt er å ha det gøy, og me har "tradisjon" for å delta på Ungdommens kulturmønstring. Uansett - ta ein kikk på sidene våre, og send oss gjerne ein e-post...
Kva skjer?
Framleis ikkje kjend dato (før skuleslutt ein gong)
- Me skal danse på ein torgtime på Bømlo vidaregåande skule. 'Michael Jackson programmet' frå UKM.
5 Juli
- Me skal dansa på Svortland, til æra for våre geniale sponsorar! Du finn oss på scenen framfor hovudinngongen til Sams Senter.
Kven er me??!
Me er som sagt fem glade jenter som liker å danse i lag. Her er ein kort presentasjon av oss.
Hilde Marie er ei sprek jente. Ho er 18 år, går på idrettslinja på Stord, og er ei aktiv friidrettsjente. Og så er ho veldig flink! Til både friidrett og dansing. Ho har vert med i gruppa heilt sidan den vart stifta i år 2000, og er "stuntmannen" vår til dei "farlige" tinga me vil testa. - Okay, greit det, me prøver det... Sjå bilete her.
Kristine er syskenbornet til Hilde Marie, og søstera til den snille (men nådelause) trenaren vår. Ho går på allmennfag på Bømlo vidaregåande skule (som òg er så greie at dei sponsar oss med serverplass til denne sida), 2 klasse. Ho synest òg det er supert med dansing, og ho driv til vanleg med hesten sin. Ho har òg vert med i gruppa sidan starten, og satsar på å danse lenge... Ho er ikkje fullt så tapper som Hilde Marie, og er ikkje den som slegner seg frå rygg til rygg. - Eh, veit ikkje eg... (Glis) Sjå bilete her.
Martine er den tredje og siste medlemmen som var med frå byrjinga, og som framleis er med oss. Du finn henne òg på BØV, der ho 'ruuuler' 1. klassen. Ho sprett omkring og dansar som ein gal. Det er ingenting å seie på innsatsen. Elles så turner ho, og liker å ta det med inn i dansinga - og det er bra! Ja, Martine er "turnpoeten" som ho kaller seg sjølv. Dessverre så reiser ho frå oss til høsten, ho skal til USA, "Taft Union high school." Ja det er nokon som 'har det!' Men me veit jo at ho kjem tilbake til oss, så det får heller gå... - Hehehe... Det er ho bakerste på biletet her.
Kristin kom til oss i forfjor, og me er glade for at ho tørte det... Ho har jo klart å komme seg innpå Helse og sosialfag på BØV... Men me veit jo at det er frisør ho skal bli, er det ikkje? Som turnar i lag med Martine, likar ho å trikse og 'vase.' Elles så er ho litt av ein ulukkesfugl, ho knakk fingrar og bein så det hyler etter. Ho liker òg å drive med hestar og er flink til det òg. Forresten så "stunter" ho litt ho òg, slår hjul over alt! - Neei! Det er ho som gliser fremst på biletet her.
Kaia, ho er ein av dei ferskaste medlemmane våre. Ei tøff Brandasundsjente som liker kandis. Ho er òg (som dei fleste her) turnar, og liker det. Visst ho ikkje kranglar med Martine, og ho ikkje masar om alt og ingenting, eller kanskje Bjotney, så søv ho. 1. klasse allmennfag er tingen... Ho jobbar på 'Skjeret landhandel,' og hevdar med høglytt stemme at 'Brandasundet' er verdas navel. -Velkomen te da heeerliga live..! Sjå bilde her.
Tidlegare medlemmar
Marita! Det er yoyo Mawita med sans for humor. Ho er veldig sprek, og liker å trene. Ho er ein person som lærer fort - me er imprignerte (for dei som ikkje forstod det = imponerte) over ho! Dessverre slutta ho, men me ynskjer ho hjartleg velkommen tilbake om ho skulle få anledning :) (Det er ho til høgre på biletet) - Ditta går aldri bra!
"Gamle goe" Veronika fortjener òg ein plass her. På grunn av skulegong måtte ho flytte, og då vart det jo ikkje så lett å vere med på dansinga. Ho var med på oppstarten og ho var den som alltid blei "kasta" rundt på. Stakkars! Bilde.
Kva gjer me?
Me bruker treningane våre til å laga program, me lærer ulike dansetrinn - og typar. Og så klart blir det ein del babling og tyting. Men det må me leve med... Me trener på Bømlo vidaregåande skule på Bømlo, som oftast på det såkalla 'storklasserommet' (som er, som dykk ser, eit stort klasserom). Helten vår er Skaret, òg kjent som Kjell Olav (rektor), for han er så kjekk at han faktisk lar oss få lov til å vere der! Jeey! I tillegg så er me så heldige at me har blitt sponsa av Østensen, så dei er òg heltane våre!
Trenaren vår
Trenaren vår er den 22 år gamle drill- og dansejenta, Monica. Ho har trena oss heilt sidan me begynte, og det var vel eigentleg ho som ville begynna med dette. Ho fekk jo nokon ho kunne sjefa rundt då me sa ja. Men me angrar ikkje! Tidlegare har ho hatt dansekurs, Hilde Marie og Kristine var med på det. Ho har òg trena ein heil gjeng med drilljenter og me har fått inntrykk av at ho liker å dansa og å drilla veldig godt. Ho har masse energi, og dansar mykje. Me kan nemne at ho har vert med på Jesus Christ Superstar (2001) oppsetninga i Moster Amfi, og Disney forstillinga i Haugesund (2002). Elles så er ho lærarstudent og jobbar i fotobutikk.
Men no...?
Ja no trener me liksom oss sjølve. Me har laga mykje program sjølve, men Monica trør til og hjelp oss. Å det er godt, for me er ikkje alltid like einige, og då går det jo ikkje på fram. Men me dansar som sagt meir sjølvstendig enn før. Likevel så er Monica trenaren vår - framleis like streng. Neeida! Kan hende me får kjeft for sida då - den er ikkje akkurat på nynorsk --- eller bokmål. :)
LiNkEr